Velkomen til
STARDALEN HYTTEGREND
Welcome to the middle of nowhere!
Er du ein ivrig fjellvandrar, natur-elskar eller berre ynskjer deg ein fredfull pause frå kvardagen? Då kan Stardalen i Jølster være plassen for deg. Mellom mektige fjell og vill vestlandsnatur finn du Stardalen Hyttegrend. Vi kan tilby 10 store høgstardard hytter med flott utsikt til fjell og bre.
Stardalen i Jølster, bygda under breen, byr på mange flotte naturopplevingar. Her kan du gå varierte fjellturar på alle kantar. Haugabreen er ein lett tilgjengeleg brearm som høyrer til Myklebustbreen, Norges sjuande største bre, som ligg i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Dette er eit kjent turistmål.
Stardalen, bygda under breen, er ei bygd med mange aktive bønder som driv med husdyrproduksjon.
Om du vil ha deg ein dagstur til for eksempel Sogndal, Stryn eller Geiranger, er dette fult muleg.
Velkomen til Stardalen
AKTIVITETAR
Fjellturar
Stardalen har mange spennande fjellturar å by på, både sommar og vinter.
Fiske
Er du på jakt etter stor-auren? Då er Jølster plassen for deg. Med Stardalen Hyttegrend som utgangspunkt har du mange moglegheiter til å finne fiskelukka.
Astrup tunet
Den naturskjønne heimen til Engel og Nikolai Astrup ligg idyllisk til ved Jølstravatnet. Ein kort biltur frå Stardalen Hyttegrend.
Brevandring
Innerst i Stardalen finn du Haugabreen, ein lett tilgjengeleg brearm i Jostedalsbreen Nasjonalpark
Topptur Ski
Stardalen og Jølster tilbyr mange fine skiturar alt i frå korte toppturar til lange skiturar på breen og på fjelltoppar ved kanten av breen.
Eggenipa
Eggenipa, eit av dei mest fotograferte fjelltoppane i Norge? Den kjende og særprega toppen i Gloppen er absolutt verdt eit besøk.
Rafting
Gjennom frodig og vakker natur opplever du ei frisk og utfardrande elv, med store mengder sprut, spenning og moro, og eit herleg sug i magen
Kajakk
Opplev naturen frå kajakk, ein fin måte å komme seg nær innpå naturen på ein stille og hensynsfull måte.
Trivselsbadet på Sandane
Ynskjer du å bruke ein gråvêrsdag til bad og moro kan du ta turen til Trivselsbadet på Sandane. Bilturen tek om lag 40 minutt frå Stardalen.