Ved Høyset kan du gå eller køyre bomveg 3 km opp til parkeringsplass 650 moh. Ver merksam på at vegen
oftast ikkje er opna før medio juni.
RUTE A: OLDESKARET (1100 moh)
Turtid frå parkeringsplass 4 timar t/r. Turen går frå parkeringsplassen på god og godt merka sti forbi Haugastøylen, langs elva. Framme ved bru gå over denne og følge merka rute til Oldeskaret. Etter brua skal du opp to høgdedrag. Etter den siste oppstiginga skal du gjennom eit område med mykje stein som ligg langs eit vatn. Ruta er godt merka og god å gå. Så kjem du inn på Oldeskaret, som er merka med steinvarde. Dette er ein fin fjelltur i vill og vakker natur, omkransa av brear og høge fjell.
Frå Oldeskaret går det merka turrute ned til Briksdal i Olden
RUTE B: HAUGABREEN (900 moh)
Turtid frå parkeringsplass 3 timar t/r. Same sti som rute A fram til bru over elv. Der tek du til venstre på godt merka sti til fronten av Haugabreen. Ver varsam ved breelva frå venstre, og ver merksam på at det kan rase frå brefronten!
Frå Haugadalen kan du gå til Snønipa (1827 moh). Snønipa er høgste fjellet i Jølster, med eit fantastisk utsyn til Jostedalsbreen og fjellområda kringom. Ruta går inn over Haugabreen og turtid er om lag 5 timar til toppen. Turen krev breerfaring og godt breutstyr.
Guida turar på Haugabreen og til Snønipa kan tingast på Turistinformasjonen på Skei.
Comments