top of page

Befringsdalen, Bjørja, Strupen og Blåvatnet

Befringsdalen er ein 4 km lang sidedal til Stardalen og strekkjer seg innover mot Jostedalsbreen. Dalbotnen ligg frå 600 til 800 moh. Bomvegar mot Befringstøylen og Flatjordstøylen, begge med utgangspunkt bilvegen til Befring. Alle turar når du frå begge sider av elva med bru ved Flatjordstøylen.


RUTE A: BJØRJA (1551 moh)

Turtid 6-8 timar t/r. Frå Flatjordstøylen går du på god og merka sti på vestsida av elva, til botnen under Bjørja. Her har du to alternative ruter til toppen. Til venstre over bru, til fjellryggen, og vidare til toppen.

Stien er ikkje merka. Flott utsikt opp fjellryggen. Den andre ruta går ikkje over brua, men langs elva og bratt opp til botn under breen. Herifrå til venstre opp på fjellryggen og til toppen.


RUTE B: STRUPEN / KVANNEBAKKBU (1200 og 1520 moh)

Turtid 6-8 timar t/r. Frå Befringstøylen går du på god og merka sti til Strupen, bandet framfor breen. Fin utsikt til Jostedalsbreen. Herifrå til høgre mot toppen av fjellet. Kvannebakkbu (open rastebu) ligg om lag 300 m inne på fjellet ved ein stor varde. Ver varsam på delvis bratt snøbre under toppen.


RUTE C: BLÅVATNET (780 moh)

3-4 timar t/r. Lett og fin familietur til Blåvatnet i sørenden av Befringsdalen.

God, men ikkje merka sti. Fint turområde.


Rundløype i Befringsdalen

Turtid 2-3 timar. Alternativ til desse turrutene er å gå bomvegane på kvar side av elva, med overgang på bru ved Flatjordstøylen.

bottom of page